|
Utstillingar ved De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum
FASTE UTSTILLINGAR FOR VAKSNE OG BORN
Museet har omfattande faste utstillingar, m.a. knytt til jordbruk, jakt og fangst, Det er også utstillingar som syner ulike tradisjonelle handverk, og ei omfattande klede- og tekstilutstilling.
Ei anna spesialutstilling ber namnet ”Helg og høgtid”, Den formidlar kunnskap om dei ulike høgtidsdagane våre. Museet har også ei utstilling av praktgjenstandar frå gamle kyrkjer i Sogn. I eit eige strandstadmiljø syner ein rekonstruerte handverkarverkstader, og eit komplett tannlegekontor.
seet har omfattande faste utstillingar, m.a. knytt til jordbruk, jakt og fangst, Det er også utstillingar som syner ulike tradisjonelle handverk, og ei omfattande klede- og tekstilutstilling.
Ei anna spesialutstilling ber namnet ”Helg og høgtid”, Den formidlar kunnskap om dei ulike høgtidsdagane våre. Museet har også ei utstilling av praktgjenstandar frå gamle kyrkjer i Sogn. I eit eige strandstadmiljø syner ein rekonstruerte handverkarverkstader, og eit komplett tannlegekontor.
Museet har to spesialutstillingar for born og unge. Den eine heiter "Då oldemor var liti", og syner leiker og barneaktivitetar frå tidleg 1900-tal. Her kan borna også få prøva seg på ymse gamle spel og leiker. Den andre utstillinga heiter "Unge sogningar 2000", vart laga av born i samband med tusenårsskiftet og syner kva born og unge omga seg med og dreiv med då. Alt i alt gir utstillingane på museet eit breitt bilete av korleis sogningar har levd.
Sogn Fjordmuseum har ei eineståande samling av båtar frå Sogn, båtbyggjarverkstad og reiskap for båtbygging, fiskereiskapar og anna utstyr knytt til den gamle fjordkulturen.
|