blank blank
Sesongutstillingar 2007

 

SKAOL!

Drikkekar frå museumssamlingane.

”Skaol, skaol, skadle! Drikk ikkje opp alt, so faor me noko adle!” sa dei i Fortun. Ølet var frå gamalt av brukt til alle livets store markeringar, frå barnsøl til gravøl. Både øl og brennevin måtte drikkast med stor høgtid — og helst i staselege drikkekar. Utstillinga viser eit utval av museet si fantastiske samling av ølstaup og kjengjer, krus og skåler, brennvinsflasker og glas. Berre samlinga av innskrifter gjer det verd å sjå denne utstillinga.

 

SKAUT OG HIJAB

Hovudplagg for kvinner i ulike kulturar og ulike tider

Over heile verda har kvinnene bore hovudplagg – til vern mot streng kulde eller brennande sol, og for å visa sivilstatus, sosial stilling og religiøs tilknyting. Denne tankevekkande utstillinga er laga i samarbeid med Nasrin Ali Amin og Sahra Ali Adoow frå Fjøra Intro, Bjørg Hovland, Norsk Folkemuseum og Internasjonalt Kultursenter og museum.





Tilbake

Copyright @ Sogn Folkemuseum. All rights reserved


Kontaktinformasjon
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Vestreim
6854 Kaupanger

Tlf (+47) 57 67 82 06
Fax (+47) 57 67 85 11