blank blank
Naturløyper

NATURLØYPER
 
På friluftsmuseet finn du fire Interaktive naturløyper på stiar langs enger og beite, på leikeplassar og i skogen.

Naturleikløypa 

1. NATURLEIKLØYPA
 

Naturleikløypa inneheld 14 ulike plakatar og utstillingar med informasjon om korleis du kan bruke naturen til leik. Dette kan vere bruk av tre og planter, gamle spel, fantasi og eventyr.

Link til meir informasjon: Naturleikløypa

 

Nyttevekstløypa

2. NYTTEVEKSTLØYPA
 
Nyttevekstløypa gjev eit innblikk i korleis viltveksande vanlege planter har blitt brukt til mat og medisin, til klede eller til å halde vekke utøy. Løypa inneheld 12 ulike plakatar og utstillingar.

Link til meir informasjon: Nyttevekstløypa

 

Kulturlandskapsløypa

3. KULTURLANDSKAPSLØYPA 
  
Kulturlandskapsløypa handlar om korleis menneska har påverka landskapet gjennom bruk, særleg jordbruk og husdyrhald. Løypa inneheld 14 ulike postar med ustillingar, aktivitetar og husdyr.

Meir informasjon: Kulturlandskapsløypa

 

Viltløypa

4. VILTLØYPA
 
I viltløypa finn du informasjon om villdyra våre, og om korleis menneska har jakta på desse.
 
Løypa inneheld 9 postar der du får vite meir om blant anna hjort, mus, orm, fuglar og frosk.

Link til meir informasjon: Viltløypa





Tilbake

Copyright @ Sogn Folkemuseum. All rights reserved


Kontaktinformasjon
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Vestreim
6854 Kaupanger

Tlf (+47) 57 67 82 06
Fax (+47) 57 67 85 11