blank blank
Sogn Fjordmuseum

er ei eiga avdeling av De Heibergske Samlinger. Fjordmuseet ligg ved Kaupanger ferjekai, fem minuttars biltur borte frå museets hovudanlegg. Her har museet samla dei delane av samlingane som har direkte tilknyting til fjorden og livet ved fjorden.

 

Fjorden var livsnerva til sognebygdene i eldre tider. Fjorden var både hovudveg og stabbur og biletet av livet i bygdene kring Sognefjorden vert ikkje komplett utan den opplevinga som eit besøk på Sogn Fjordmuseum vil gi.

Sogn Fjordmuseum er eit moderne museum, som gir ei flott oppleving av fjordkulturen. Her er ei eineståande samling av båtar frå Sogn. Dette er ei av dei største og finaste båtsamlingane i landet. Her er også ein rekonstruert båtbyggarverkstad og reiskapar for båtbygging. Dessutan finn ein tradisjonelle fiskereiskap av alle slag.

Merk at Sogn Fjordmuseum i 2009 har gratis inngang, og er ope i juni, juli og august.

 " SOGNAFÆRINGEN" - VIDEO LAGA AV MUSEET
Museet dokumenterte i 1983 korleis båtbyggjaren Svein Henjesand bygde ein sognafæring på tradisjonell måte. Ein redigert versjon av dokumentasjonen, på 28 minuttar, kan du sjå ved å klikka HER.

 





Tilbake

Copyright @ Sogn Folkemuseum. All rights reserved


Kontaktinformasjon
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Vestreim
6854 Kaupanger

Tlf (+47) 57 67 82 06
Fax (+47) 57 67 85 11