|
Vegen vidare…..
Lenker til sider om ulike studium i Noreg :
www.samordnaopptak.no
Her finn du info om nettsøknad, info om søkeprosessen, info om opptakskrav, lenker til dei fleste offentlege skular i Noreg og ellers anna relevant informasjon om høgskular/universitet i Noreg.
Ansa skal ivareta dei norske utanlandsstudentane sine faglege, økonomiske, sosiale og kulturelle interesser…. Ansa er det einaste nasjonale senteret for informasjon om utdanning i utlandet på høgskule — og universitetsnivå. Dei har oversikt over kva skular i utlandet som gir rett til støtte, uansett land og fagretning.
Det er fleire måtar ein kan komme seg til utlandet på :
-
Høgskulane sine utvekslingsprogram.
Då søkjer ein gjennom det utdanningsprogrammet ein alt har komme inn på. Etter kvalitetsreforma har dei aller fleste høgskuleprogram no tilbod om å ta delar av utdanninga i utlandet. Høgskulen du går på vil kunne hjelpe deg….
-
Elevutveksling gjennom vidaregåande skule
Ordninga gjeld elevar på VK1/VG2
Kontakt rådgjevar og be om rettleiing.
Her må du ordne alt sjølv. Det krev mykje papirarbeid…
Ansa kan hjelpe og rettleie deg. Her er nemleg mange fallgruver…
Viktig å merke seg :
Undersøk om den utdanninga du vil ta er godkjend i Noreg:
Får eg støtte til den utdanninga eg ynskjer ?
Treng du språktest ?
Du må omsetje vitnemåla dine
Utgiftene varierer mykje frå land til land og skule til skule..
|
|
|