I kontaktlærartimen tysdag 7. februar gjennomfører vi den årlege Elevundersøkinga i alle klassane på Dale vgs. Dette er ei undersøking som Utdanningsdirektoratet i Oslo står bak, og som alle dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane er pålagde å gjennomføre innan midten av februar. Meir om undersøkinga og påloggingsinformasjon finn du nedanfor.
I dag er stikkordet radio for elevane våre på Vg3. I "Den Kulturelle Skulesekken" får elevane innblikk både i radiohistorie og korleis radioprogram blir laga i våre dagar. 3 STA lærer om radio på auditoriet før lunsj, og 3 STB etter lunsj.
Populære Vegard Leite innfridde og gav publikum den konserten dei hadde håpa på i Trudvang fredag kveld. Det var rett og slett ei stor oppleving å høyre og sjå den jordnære Idol-helten med den vakre stemma på nært hald.
Det vert ikkje open skule i morgon, tysdag 24. januar. Derimot er det middag klokka 11.45 for dei som har meldt seg på. Onsdag 25/1 vert det skitur til Bjørkelia med avreise klokka 16.15 og retur ca. klokka 21.30.
Påmeldingsfristen til førarkortopplæringa gjekk ut i dag, men det er plass til fleire deltakarar. Eg utvidar difor fristen til måndag 23/1. Dersom du vil melde deg på, går du fram på denne måten: Logg deg inn i Fronter og finn rommet "Dale vgs". Under nyhende finn du litt informasjon. Du melder deg på ved å svare på spørsmåla i "Prøve".
Førsteårselevar på studiespesialisering må no tenkje alvorleg på programfag for neste skuleår. For å gjere valet lettare, har vi ein fagvaldag kommande tysdag på auditoriet. Her får du som er elev den informasjonen du treng både om kva programfag du kan velje, innhaldet i faga og korleis faga kan kombinerast. Detaljplan for dagen finn du nedanfor.
Middag tysdag kl 11.45: Fiskegryte med snøfrisk, ris og salat. Middag torsdag kl 14.30: Italiensk pølsegryte. Hugs å skrive deg på lista i kantina seinast klokka 12 dagen før.
Har du lyst på ein svært rimeleg skitur til Bjørkelia, så har du sjansen no. Du må melde deg på til Berit seinast fredag 13/1. Turen vert etter skuletid onsdag 18. januar eller onsdag 25. januar. Folkehelsegruppa sponsar skikort, og Ungdommens kommunestyre dekkjer det meste av bussutgiftene. Flott tiltak!
Skal du ta privatisteksamen? Fristen er 1. februar
Fristen for oppmelding til privatisteksamen våren 2012 er 1. februar. Oppmeldinga må gjerast på: https://www.privatistweb.no/. Meir informasjon om privatisteksamen finn du også på Sogn og Fjordane fylkeskommune si nettside - under opplæring.
Denne veka står det tradisjonsmat på menyen i kantina: Fleskepannekaker med blåbær tysdag og raspeballar torsdag. Merk at tidspunktet for middagen tysdag er klokka 11.45.Torsdag er middagen klar klokka 15.00. Berit tilbyr dessutan yoga på open skule torsdag 12. januar kl 16.30.
Snart kan du kjøpe varm mat i kantina i matpausen kvar tysdag. Det blir eit nytt tilbod i 2012. Denne veka er det middagsmeny på open skule på vanleg måte etter skuletid. Tysdag: Chili con carne. Torsdag: Fargeglad risotto.
Jentene på Vg2 studiespesialisering slo godt frå seg i juleturneringa i volleyball. 2A vann ein rein klassefinale mot 2 B. 3B kom på tredjeplass. I guteklassa gjorde 3A ein solid innsats i finalen mot lærarlaget, men lærarane drog i land sigeren -i år også. Her vart 3 B nummer 3. Sjå bilete frå kampane nedanfor.