Foto av tre unge menn som opptrer under ei førestilling i Den kulturelle skulesekken. Dei spelar gitar, cello og fele, er kledde i dongeribukse og sjkorter. Framsyninga er i ein gymsal, og publikum er ungar i barneskulealder.

Foto: David Zadig

Best i landet på DKS

Sogn og Fjordane fylke har fått førsteplass på Norsk kulturindeks 2016 når det gjeld tilbod i Den kulturelle skulesekken (DKS). Vi deler førsteplassen med Telemark fylke.

– Vi er kjempeglade for å hamne på ein delt førsteplass. Det viser at vi gjer ein god innsatsen for å gje elevane i Sogn og Fjordane eit godt kulturtilbod, seier DKS-koordinator i Sogn og Fjordane, Øyvind Høstaker.

Har jobba mykje med tilbodet

For å kome fram til resultata i kulturindeksen, har Telemarksforsking sett på breidda og omfanget i DKS-tilbodet totalt for alle kommunane i fylket. Det vil seie kor mange ulike sjangrar elevane har fått oppleve, og kor mange elevar mellom 6 og 15 år som har delteke på ei DKS-framsyning.

Dei siste åra har Sogn og Fjordane fylkeskommune jobba aktivt med å balansere tilbodet med ulike kunstuttrykk. Mellom anna her vi lagt ned ein innsats i å få på plass fleire filmtilbod, ein sjanger som tidlegare har vore underrepresentert i tilbodet til skulane. At det samla resultatet sende nettopp Sogn og Fjordane og Telemark til topps i kåringa synest Høstaker er interessant.

– Telemark er det fylket vi har tettast kontakt med. Mellom anna skal vi turnere filmen «Dans for livet», der DKS Telemark har vore medprodusent, for mellomtrinnet til vinteren, fortel han.

Gode tilbakemeldingar frå skulane

DKS Sogn og Fjordane har også fått mange gode tilbakemeldingar frå skulane i fylket på tilbodet i den kulturelle skulesekken.

– Skulane gjev uttrykk for at dei er nøgde med innhaldet i tilbodet når det gjeld både musikk, scenekunst, dans og andre kulturutrykk. Då har vi grunn til å vere nøgde. Men på same tid har vi har alltid noko å strekke oss etter. Når vi no jobbar vi med å få på plass tilbodet til neste skuleår, er målet at det skal vere eit breitt tilbod når det gjeld sjangrar, og at kvaliteten på innhaldet skal vere på topp, seier Høstaker.

DKS Sogn og Fjordane har om lag 35 turnear i året. I 2015 – som er året resultata i Norsk kulturindeks er basert på – hadde dei totalt 1010 framsyningar for elevar i fylket.

Les heile rapporten frå Telemarksforsking.

Fylkesvis oversikt over alle fylke og alle kategoriar i Norsk kulturindeks 2016.

Om Den kulturelle skulesekken

Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal satsing som skal bidra til at alle skuleelevar i Noreg, både i grunnskulen og den vidaregåande skulen, får møte, gjere seg kjent med og utvikle forståing for profesjonell kunst og kultur av alle slag. I Sogn og Fjordane er det fylkeskommunen som administrer tilbodet til elevane i fylket.

Meir informasjon

Øyvind Sunde Høstaker
koordinator for Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane
oyvind.hostaker@sfj.no
952 22 168

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00