Fire barn leiter etter bøker i ein kasse med barnebøker

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek/Lene Neverdal

Barn i Sogn og Fjordane låner mest bøker

Innbyggarane i Sogn og Fjordane er dei flittigaste lånarane av barnebøker i landet. Det syner tal frå Statistisk sentralbyrå.

– Vi fylgjer utviklinga med interesse, og merkar oss at det ser ut til at barn les meir her i fylket enn elles i landet. Det fortel oss at biblioteka gjer ein god innsats for å auke lesegleda og lesedugleiken til barn og unge, seier fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen i Sogn og Fjordane fylkesbibliotek.

Dei siste åra har barn stått for ein stadig større del av utlånet frå biblioteka, både i Sogn og Fjordane og på landsbasis. Sidan 2010 har utlånet til barn vore større enn til vaksne her i fylket. Ingvaldsen meiner utlånet heng saman med meir aktiv formidling av samlingane, leseaksjonar og fleire arrangement i biblioteka.

Fleire hundre arrangement i biblioteka årleg

Det har vore ein kraftig auke i arrangement på biblioteka både på landsbasis og i Sogn og Fjordane. Det var 348 arrangement på folkebiblioteka i Sogn og Fjordane i 2015. Året etter auka det til over 700 arrangement, 400 av desse retta mot barn.

Biblioteksjef i Vågsøy, Tamara Sortland, driv eitt av biblioteka som har bygt opp arrangementstilbodet på biblioteket.

– Då vi fekk nye lokale i 2016 vart biblioteket mellom anna innreia for å kunne huse større folkemengder og vere ein arena for tilstellingar. I dagens bibliotek må vi gi rom til treff mellom menneske. Sjølvsagt må vi ha plass til media og bokhyller, men vel så viktig er det å skape trivsel og aktivitet som gjer at folk kjem til det fysiske biblioteket og vil vere der, seier ho.

Tredobla besøkstal

Sidan nyopninga for snart to år sidan har biblioteket etablert seg som ein populær møtestad for folk i og rundt Vågsøy. Besøkstalet har tredobla seg samanlikna med besøket i det gamle biblioteket.

Biblioteksjefen fortel at biblioteket ønskjer å utvide rammene for kva folk flest i Vågsøy tidlegare har oppfatta at eit bibliotek kan vere.

Vågsøy folkebibliotek har arbeidd mykje med tilbod retta mot barn og unge, og kan fortelje om stort engasjement for leseaksjonar.

– Sommarles, som er ein nasjonal leseaksjon, er blitt så populær at vi bestemde oss i fjor for å lansere vår eigen vri for vintersesongen, nemleg Vinterles. Vi trur auka aktivitet både for barn og vaksne gjer at vaksne dreg barna med seg på biblioteket og omvendt, seier Sortland.

Vil nå dei yngste

Også fylkesbiblioteket har lagt stor vekt på å leggje til rette for formidling til barn og unge mellom anna gjennom kurs for bibliotektilsette, klassesett-ordning og lesegledarar. 

– Vi har gått saman med Nynorsksenteret, Nynorsk kultursentrum, Foreningen !les, DKS og andre for å tilby turnear, auke kunnskapen om barn som lesarar og formidle bøker på nye arenaer, seier fylkesbiblioteksjefen.

Fylkesbiblioteket har dei siste åra jobba mykje med samarbeid mellom bibliotek, skule og barnehage.

–  Biblioteka, skulane og barnehagane har eit felles mål om å nå ut til dei yngste lesarane. Statistikken tyder på at målretta satsing og samarbeid fører til resultat, seier Ingvaldsen.


For meir informasjon
Siri Ingvaldsen
fylkesbiblioteksjef, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek
907 89 828
siri.ingvaldsen@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00