Dagsturhytta

(Foto: Atle Skrede)

Dagsturhytta Vinjaåsen

Dagsturhytta i Aurland kjem våren 2018 og skal plasserast på Vinjaåsen

Frå Vinjaåsen vil ein ha utsikt ned mot Aurlandsvangen, ut over Aurlandsfjorden mot Flennes, Skjerdal og litt oppover dalen retning  Aurlandsdalen og innover fjorden retning Flåm. Hytta vil ligge langs sti mellom Aurlandsvangen og Stegastein utsiktspunkt og Bjørgo.

Tilkomst og parkering

Utgangspunktet for turen vil vere frå Aurlandsvangen. Her vil det vere mogeleg å komme med buss, og du vil kunne parkere i sentrum. Dette er ikkje endeleg avklart men skal avklarast mellom Aurland kommune og Nærøyfjorden Verdsarvpark før hytta kjem på plass. Ein yskjer å få til felles skilting og informasjon.

Stien til hytta

Dersom ein blir samd om Aurlandsvangen som utgangspunkt, vil det vere fleire alternative vegar å fylgje fram til stien i terrenget byrjar. Langs desse vegane vil det vere uproblematisk  å gå, trille barnevogn mm . Stien i terreng er ikkje eigna til anna enn gåing, er grei å gå , men må utbetrast på nokre punkt. Den er bratt på nokre parti, og kan og på eit parti vere glatt å gå når det er mykje regn.

Avstandar

Vinjaåsen ligg på om lag 300 meter. Turen opp til dagsturhytta tek om lag ein og ein halv time frå Aurlandsvangen i moderat tempo.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Atle Skrede

Rådgjevar fysisk aktivitet

Atle.Skrede@sfj.no

41530716

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00