azkyfnn 47z

Ane Brekke

Areal og transport

TEMAMÅL: Samordna areal-, bustad og transportplanlegging bidreg til reduksjon i klimagassutslepp og tilpassing til klima i dag og i framtida. Forsking, innovasjon og bruk av teknologi bidreg til låg- og nullutsleppsløysingar. 

Hovudutfordringa innan areal og transport er å legge til rette for ei areal- og transportplanlegging som både bidreg til å redusere klimagassutsleppa i fylket, men også gjer oss godt nok budd på dagens og framtidige klimautfordringar.

Økonomiske rammevilkår og dei naturgjevne vilkåra i fylket er premissgjevande for klimaomstilling innan transportsektoren. Å omstille samfunnet krev kunnskap og politisk vilje. Omstillinga krev ei forpliktande og styrka samordning av areal-, bustad- og transportplanlegginga på alle nivå. Det er komplekse utfordringar for det offentlege, for næringsliv og utbyggjarar, for transportsektoren og for den enkelte i samfunnet.

Med utgangspunkt i status og utviklingstrekk har vi identifisert seks utfordringar innan areal og transport:

  • Auka gang og sykkelbruk.
  • Nå det nasjonale målet om null utslepp frå transportsektoren.
  • Redusere utslepp frå kollektivtilbod: ferje, båt og buss.
  • I arealplanlegginga å ta omsyn til klimasårbarheit.
  • Samordning av areal-, bustad- og transportplanlegging.
  • Prioriteringar innanfor dei økonomiske rammene.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ida-Beate Mølmesdal
Rådgjevar, klima og miljø
Ida-Beate.Molmesdal@sfj.no
476 04 557

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette