Fagsamling for fysisk aktivitet

Vågsøy kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til den årlege fagsamlinga for fysisk aktivitet.

I år er den lagt til Måløy i Vågsøy kommune. Det blir to dagar med besøk på fleire idrettsanlegg rundt om i Måløy og mange spennande foredrag.
Vi får også vere med på opninga av det nye uteområdet på Vågsøy ungdomsskule.
Det blir mange synfaringar utandørs, så ta med godt med klede og gode sko.
 
Deltakaravgift for heile samlinga: 1000 kr dette inkluderar fagsamlinga, overnatting, lunsj, RIB-båt, havets festbord m.m. (faktureras i etterkant).
Ein kan også velje å berre vere med på den faglege delen på dag 1 eller dag 2. Dette er gratis.
 
Målgruppe: kommunalt tilsette innan fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv samt kommunalt tilsette innan økonom og revisjon. Dag to vil ha fokus på folkehelse derfor ynskjer vi også å invitere folkehelsekoordinatorar denne dagen.

Program og påmelding finn de i lenka under

Arrangør: Sogn og Fjordane fylkeskommune
: Rådhuset i Måløy
Tid: onsdag 6. juni 09:30 - torsdag 7. juni 15:30
https://sfj.pameldingssystem.no/fagsamling...