Kulturminneplansamling

Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til kulturminneplansamling i Førde tysdag 24. og onsdag 25. januar.

Denne samlinga er i hovudsak retta mot dei kommunane som er tidleg eller midt i skriveprosessen. Vi har eit mål om å ha ei samling for dei kommunane som er ferdige eller nesten ferdige med sin plan seinare på våren 2017.

Målet med samlinga i januar er å tilby dei som kjem frå kommunane ei skjerma stund for skriving og arbeid med eigen plan, rom for å diskutere problemstillingar med andre, oppfølging og innspel frå fagpersonar, samt korte innleiingar/presentasjonar på tema som er aktuelle for mange av dei.

Les meir og meld deg på - følg lenka.

Arrangør: NÆRINGS- OG KULTURAVDELINGA V/SIGRUN ESPE
: Scandic Sunnfjord Hotel & Spa i Førde
Tid: tirsdag 24. januar 10:00 - onsdag 25. januar 13:00
https://sfj.pameldingssystem.no/kulturminn...