www.sfj.no

Kontakt oss på eDialog

Sogn og  Fjordane fylkeskommune nyttar eDialog. Med eDialog kan du trygt sende oss brev og dokument elektronisk, sjølv om dei er unnateke offentlegheit.

Å sende dokument via e-post kan vere usikkert, i tillegg kan dei bli stoppa i spamfilteret hjå e-postleverandøren din. Ved å bruke eDialog kjem dokumenta dine raskt fram til mottakaren på ein enkel og trygg måte.

Slik brukar du eDialog

  1. Trykk på denne lenka for å sende oss post via eDialog.
  2. Logg deg inn ved hjelp av ID-porten. 
  3. Fyll ut skjemaet og last opp eventuelle vedlegg.

Slik fyller du ut skjemaet

  • Vel om du er privatperson/innbyggar eller om du representerer ei verksemd.
  • Obligatoriske felt er merka med *
  • I tittelfeltet er det fint om du gjev opp saksnummeret ditt om du sender oss noko i samband med ei pågåande sak, t.d. 18/1310.
  • Gje ei god skildring av sendinga di. Om du sender med vedlegg, vert det du skriv i kommentarfeltet lagt inn som vedlegg til sendinga di i sak- og arkivsystemet vårt.
  • Når du klikka på «Send forsendelse» blir brevet ditt kryptert og sendt direkte inn i sak- og arkivsystemet vårt.
  • Du får kvittering med referansenummer på e-post.

Eigne skjema

OBS! Du skal ikkje bruke eDialog dersom Sogn og Fjordane fylkeskommune har elektroniske skjema til formålet, til dømes søknad om ulike kulturtilskot, søknad på ledig stilling, søknad til vidaregåande opplæring og liknande.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut