www.sfj.no

Personvernerklæring for Sogn og Fjordane fylkeskommune sine nettstadar

Denne personvernerklæringa handlar om korleis vi samlar inn og brukar informasjon om besøkande på våre nettstadar.

Nye personvernreglar: The General Data Protection Regulation (GDPR)

Sfj.no er hovudnettstaden til Sogn og Fjordane fylkeskommune. Her finn du informasjon om tenestene våre, aktivitetar og fylkespolitikken. Personvernerklæringa gjeld for alle våre nettstadar, som nettstadane til dei vidaregåande skulane og fylkesbiblioteket. Fylkeskommunen ved informasjonssjefen har det redaksjonelle ansvaret for nettstadane.

Dine personopplysingar
Tilgang til dine personopplysningar er avgrensa til tilsette som må sjå dei for å gjere jobben sin, t.d. for å handsame ein søknad. Alle våre tilsette har teieplikt om alle opplysningar dei handsamar i jobbsamanheng.

Vi gjev aldri frå oss opplysningar om deg til andre partar med mindre slik utlevering er lovbestemt, naudsynt for å oppfylle ein avtale med deg, eller for å rette eit krav mot deg.

Det vert stilt same krav til tryggleik og konfidensialitet hjå våre eksterne leverandørar som hjå oss sjølve. Sogn og Fjordane fylkeskommune nyttar ulike leverandørar for å levere tenestane vi tilbyr. Slike leverandørar vil i nokre tilfelle få ansvar for å behandle personopplysningar.

Behandlingsansvarleg
Sogn og Fjordane fylkeskommune ved fylkesrådmannen er behandlingsansvarleg etter personopplysningslova. Det vil seie at Sogn og Fjordane fylkeskommune er ansvarleg for informasjonstryggleiken i løysinga, og skal sikre at alle data blir handsama på ein trygg måte. Behandlingsansvarleg er og ansvarleg for at data er tilgjengelege for dei som har rett til innsyn. Fylkeskommunen skal dessutan sikre at det ligg føre dokumentasjon som viser at oppgåvene blir utført i samsvar med personopplysningslova.

Underleverandørar
Databehandlar er den som behandlar data på vegne av den behandlingsansvarlige. Underleverandørar er definerte som databehandlarar. Behandling av personopplysningar skjer etter gjeldande lov og forskrift. Behandlingsgrunnlaget er samtykke frå den enkelte, med mindre anna er spesifisert.

Du har rett til å få informasjon om opplysningane vi har om deg, og om korleis vi behandlar opplysningane. Det kan du få hjå personvernombodet.  

Informasjon i elektroniske skjema
Når du fyller ut elektroniske skjema på sfj.no, vil informasjonen du gjev frå deg berre bli sendt til den eininga som treng informasjonen til si sakshandsaming.

Vi lagrar informasjon om kva søkeord brukarane nyttar på nettstaden. Det kan ikkje koplast til andre opplysningar om brukarane, slik som til IP-adressene.

Informasjonskapslar (cookies)
Ved å gå inn på nettsidene våre, samtykker du i å få informasjonskapslar i nettlesaren din. Du kan sei nei lagring av informasjonskapslar, men det kan gjere at nettsidene ikkje fungerer optimalt.
 
Informasjonskapslane blir ikkje knytta til deg som person. Ei IP-adresse er definert som personopplysning fordi den kan sporast tilbake til ein bestemt maskinvare og dermed til ein enkeltperson. Sogn og Fjordane fylkeskommune nyttar Google Analytics sin funksjon for å anonymisere IP-adressa før informasjonen vert lagra. Dermed kan ikkje den lagra IP-adressa nyttast til å identifisere brukaren.

Webanalyse
Vi samlar inn opplysningar frå besøkande på sfj.no for å utarbeide statistikk slik at vi kan lage eit mest mogleg brukarvennleg nettstad. Opplysningane vi samlar kan ikkje identifisere eller sporast attende til brukaren.

Alle data vert anonymisert og slått saman til ei gruppe og blir ikkje behandla individuelt. Om du ikkje ønskjer å bidra til analyse av bruken av nettsidene våre, kan du reservere deg mot det

Google Analytics
Sogn og Fjordane fylkeskommune brukar statistikkverktøyet Google Analytics. Verktøyet brukar cookies for å analysere korleis brukarar nyttar nettstaden.

Informasjonen som vert generert av ein slik cookie ved bruk av den aktuelle nettstaden, inkludert IP-adressa di, vert sendt til Google og lagra på serverar i USA. Mottatte opplysningar er underlagt Google sine retningsliner for personvern.

Alle IP-adresser blir anonymiserte. Korkje databehandlarar eller Google kan spore eller bruke desse opplysningane vidare.

Kontakt
Lurer du på noko om personvernet på denne nettstaden, kan du sende ein epost til personvernmobodet på marianne.seim@hfk.no.

NB! Pass på å ikkje sende sensitive personopplysningar på epost.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut