Foto av gruppa Fjernlys på UKM i 2017. Det er fire unge gutar, som spelar gitar, bass, trommer og syng.

Foto: Martha Linnea Pukallus, UKM Media, Sogn og Fjordane fylkeskommune

130 til konferanse om barn, unge og kultur

Felles barn, felles ansvar heiter konferansen som går av stabelen i Førde 14. og 15. september. Her skal tilsette i kommunane dele erfaringar om og få inspirasjon til arbeid med kultur for, av og med barn og unge.

Målet er at konferansen skal stimulere til meir samarbeid på tvers i kommunane. Deltakarane er kulturkontaktar for Den kulturelle skulesekken (DKS) i grunnskulane og kommunane, tilsette i kulturskulane og ansvarlege for Ung kultur møtest (UKM) i kommunane.

Konferansen Felles barn, felles ansvar er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Norsk kulturskuleråd Sogn og Fjordane.

Store nasjonale omleggingar

Eit hovudtema i år er dei store omleggingane som har vore på dette området nasjonalt. I 2016 vart Rikskonsertane lagt ned og Kulturtanken etablert.

Direktør for Kulturtanken, Lin Marie Holvik, kjem for å snakke om etableringa av Kulturtanken, og kva dette vil bety for arbeidet med kulturformidling til barn og unge i kommunane. Kulturtanken har det nasjonale ansvaret for DKS i Norge. Dagleg leiar i UKM Norge, Torstein Siegel, og direktør i Norsk kulturskuleråd, Morten Christiansen, skal snakke om omlegginga og vegen vidare sett i lys av kvar sine organisasjonar.

Lokale ungdommar på scena

Deltakrane vil også få med seg gode døme frå vårt eige fylke på samarbeid og moglegheiter for samarbeid mellom ordningane.

Torsdag kveld vert det kulturprogram på Larris scene med elevar frå kulturskular i fylket og ungdommar som har deltatt på UKM. Gruppa Stor overraskelse, som for tida er på turné i fylket gjennom Den kulturelle skulesekken, skal binde det heile saman.

Her finn du heile programmet for og praktisk informasjon om konferansen.

For meir informasjon

Eva Kristin Svidal
Sogn og Fjordane fylkeskommune
911 69 693
eva.kristin.svidal@sfj.no

Øyvind Høstaker
Sogn og Fjordane fylkeskommune
952 22 168
oyvind.hostaker@sfj.no

Ole Jakob Nedrebø
Norsk kulturskuleråd Sogn og Fjordane
901 70 920
ole.jakob.nedrebo@kulturskoleradet.no 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00