Foto frå Bevægelseshuset Spiralen i den danske byen Kalundborg. Det syner ein ung mann som spring i ei joggeløype med humpar. Til venstre litt bak han ser vi ein boksering og folk som driv med andre aktivitetar.

Bevægelseshuset Spiralen i den danske byen Kalundborg er eit døme på eit anlegg der det er lagt til rette for ulike typar av fysisk aktivitet. Foto: Rune Johansen

100 millionar til nytenking innan fysisk aktivitet

Kva med eit anlegg som er tilrettelagt for boksing, buldring og bordtennis – samstundes?

Kulturdepartementet lanserer ei tilskotsordning for å stimulere kommunane til kreativitet og nytenking når det gjeld fysisk aktivitet.

– Vi er ganske tradisjonelle her i Noreg. Vi byggjer ein hall, ein ballbinge, ein skatepark eller ein klatrepark. Og det er flott. Men vi må også tenkje nytt, kva med å samle mange aktivitetar i eitt anlegg, å legge til rette for eit utal aktivitetar på eitt og same område, seier rådgjevar for fysisk aktivitet i fylkeskommunen, Atle Skrede.

Fylkeskommunen har som regional utviklingsaktør ei rådgjevande rolle overfor kommunane og legg opp til eit informasjonsmøte med kommuane om denne nye ordninga innan kort tid.

Fantasien set grensene

Eit slikt anlegg kan innehalde til dømes buldresoner (klatring), stupeanlegg, bordtennis- og biljardbord, dansesal, turnapparat, boksering, hinderløype, joggeløype og minibingar for ballspel. Det kan vere lagt til rette for aktivitetar som skating, sykling, dansing/cheerleading og kondisjonstrening med tredemøller og syklar. Det er om å gjere å tenkje nytt, og ikkje late noko anna enn fantasien setje grensene i første fase.

Skrede viser til Danmark, der det er gjort mykje på denne fronten. Her kan du sjå bilete av noko av det som er bygd der siste åra.

100 millionar over tre år

Tilskotsordninga som Kulturdepartementet no opprettar, er finansiert av spelemidlane for å bidra til etablering av nye typar anlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet. Det er i første omgang ein prøveperiode på tre år, der departementet har sett av 100 millionar kroner, som kommunane kan søkje om.

Dei kan få eit tilskot på 50 prosent av kostnadane for heile anlegget. Kommunane som søkjer kan få  maksimalt fire millionar, og den nedre tilskotsgrensa er to millionar. Det er ingen søknadsfrist, og søknadane vert vurderte fortløpande.

Nyskaping ein føresetnad for tilskot

Målet er å stimulere kommunar til å vere kreative og tenkje nytt når det gjeld utforming av anlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet. Nyskaping er ein vesentleg føresetnad for tilskot. Lokalt engasjement og idé skaping står sentralt, og relevante brukargrupper som barn, unge og eldre må vere med i utforminga av anlegga.

Det er i tillegg krav til at anlegga skal vere lett tilgjengelege, til dømes i nærleiken av skular og/eller på stadar med god kollektivtransportdekning. Utforminga må vere open og inviterande, og anlegget må vere ope i minst 20 år framover, vere universelt utforma og kunne brukast heile året.

For meir informasjon

Atle Skrede
rådgjevar
atle.skrede@sfj.no 
415 30 716

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00