Fylkesordførar Jenny Følling på talarstolen i Firdasalen på Fylkeshuset. Ho har på seg fylkesordførarkjedet med fylkesvåpenet.

Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune

– No skal vi bygge det nye vestlandsfylket

Fylkesordførar Jenny Følling etterlyste ei større verktøykasse til fylkeskommunane då ho tala ved opninga av fylkestinget tysdag. – Å styrke fylka med oppgåver er ei viktig kampsak, sa Følling i talen.

Nye Vestland fylkeskommune er allereie i gang med å førebu arbeidet med ein ny organisasjon og nye regionale planar, men mykje er enno uklart når det gjeld kva for nye oppgåver regionen skal få. Følling argumenterte i sin tale for at oppgåvemeldinga som regjeringa la fram i haust ikkje går langt nok i å styrke det regionale folkevalde nivået.

– Stortinget har tatt initiativet til regionreforma. Då må dei utstyre fylkeskommunane med nye, heilskaplege oppgåver og ei verktøykasse som stimulerer til å skape arbeidsplassar og busetjing i heile landet, sa Følling.

Fylkesordføraren meiner det er positivt at regjeringa har landa nokre oppgåver, men at det er for magert, og at for mykje framleis er uavklara.

– Vi må vite kva nye oppgåver fylka skal ha, for no skal vi bygge det nye vestlandsfylket. Vi skal peike ut kursen for framtida. Det er på høg tid at statleg detaljstyring og silotenking blir erstatta av folkevald styring, heldt Følling fram, og la til at ei så stor strukturendring må føre til at direktorat vert lagt ned og oppgåver vert flytta frå staten til det regionale nivået.

Vil kjempe for fleire kulturoppgåver

Følling trekte fram kulturpolitikk som eit særskilt viktig område for dei nye fylkeskommunane, og peika om at kultur er avgjerande for å byggje felles identitet og tilhøyrsle i regionen.

Regjeringa la nyleg fram ei kulturmelding som mellom anna tek opp oppgåvefordelinga mellom stat og fylkeskommune. Følling meiner også denne meldinga er for lite konkret og forpliktande.

– All kultur skjer lokalt. Kulturen må difor styrast lokal og regionalt. Kulturpolitikken er derimot prega av sterk sentralstyring og skeivfordeling av pengar. Fylkeskommunane kan overta fleire tunge kulturoppgåver. Det vil auke statusen og skjerpe det demokratiske nivået. Kulturmeldinga som nyleg kom, inneheldt lite nytt. Det kan vi ikkje akseptere. Vi må kjempe for fleire kulturoppgåver, sa Følling.

Vil halde kraftverdiar i fylket

I talen til fylkestinget tok fylkesordføraren også opp korleis verdiar som fylkeskommunen eig i Sogn og Fjordane Energi AS (SFE) skal forvaltast etter at den nye vestlandsregionen trer i kraft.

Fylkesrådmannen og eit samrøystes fylkesutval har tilrådd at inntil 80 prosent av fylkeskommunane sine aksjar i SFE skal overførast til kommunane i dagens Sogn og Fjordane.

– Denne saka bør ikkje skape problem i forholdet mellom Sogn og Fjordane og Hordaland. For det første er det semje om at Sogn og Fjordane fylkesting kan avgjere eigarskapen i SFE – før 2020. For det andre er det utvilsamt slik at Sogn og Fjordane fylkeskommune vil ha ein langt betre økonomi enn Hordaland enno, understreka Følling.

Les heile talen til fylkesordførar Jenny Følling her!

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven